mørket og eg

Eg trur eigentleg ikkje vi har helst på kvarandre. Blitt ordentleg kjent med kvarandre. Likevel kjennes det som om du kjenner meg. Du kjenner meg så altfor godt. 

Du er overalt. Likevel kan eg ikkje sjå deg. Men du kan sjå meg, sjølv når eg prøver å gøyme meg. Eg kjenner meg så synleg, så utsatt i møtet med deg. 

Når eg møter deg blir eg så liten og du blir så stor. Du sluker alt rundt meg, du blir til eit monster. 

Kvifor er det slik? Kan vi ikkje berre vere vener?

Les om då eg overnatta åleine på Blefjell i siste UTE.

LUNDEFUGLAR

Eg hadde mi første sak i A-magasinet på trykk her om dagen - om lundefuglar på Færøyene og korleis dei slit med å finne mat til kyllingane sine. 

Om du er Aftenposten-abonnent kan du lese saka her.

SAUESANK

Det er nesten eit år sidan no, men eg hugsar endå kor sliten eg var etter denne helga. Sauer er overraskande spreke, men det er sauesankarar også! Sjå heile fotoreportasjen i siste utgåve av UTE.

Marie og Tom

Stort sett er eg å finne ein stad ute i naturen med kameraet mitt. Men ein gong iblant tek eg på meg kjolen og fotograferer bryllaup. I helga var det Marie og Tom som gifta seg i Drøbak. Vermeldinga spådde regn så eg reiste på storstilt jakt etter paraplyar som ville fungere bra på bilete. Regnet bestemte seg for å vente litt og bra var jo det - men blei nesten litt skuffa over at eg ikkje fekk tatt nokre paraplybilder... Eit vakkert bryllaup vart det uansett! 

Naturmannen og henne

Eg er særs dårleg på å lese bøker. Det tar for lang tid. Men "Naturmannen og jeg" av Lene Julsen suste eg gjennom på rekordtid. Då var det veldig stas å få oppdraget med å gjere portrettintervju med dei begge. Det er nemleg ikkje ofte Naturmannen viser seg offentleg. Snakk om trivelege folk!

 

 

I Astrup sitt rike

I fjor sommar reiste eg og Ståle til Jølster for å gå Jølstravatnet rundt - topp til topp. Det gjekk ikkje heilt som planlagt, men det blei eit minne for livet likevel. No har Jølster fått breie seg over 10 sider i siste utgåve av UTE.

Kina del 2 - panda

Okei, dette er kanskje ein av dei mest absurde plassane eg har vore. Utanfor Kunming i provinsen Yunnan ligg ein fornøyelsespark, som sakte men sikkert råtnar vekk - og den er full av pandaer.

Kina del 1 - Chaoyang Park

Så var plutseleg tre år over. Eg er ferdig utdanna fotojournalist - rett og slett. Det siste semesteret har dreia seg om Kina, kor vi var i seks veker for å gjere vårt avgangsprosjekt som har enda i bok og utstilling. Men sidan eg har jobba med det prosjektet såpass lenge og er litt metta, vil eg heller dele små fotoseriar eg laga i Kina. Først ut er ein serie frå Chaoyang Park i Beijing. 

Eit lite stykke Nepal

I fjor sommar besøkte eg Tshering og dei andre nepalske førarane som arbeider på Nigardsbreen om sommaren. Til vanleg arbeider dei på nokre av verdas høgste fjell, men medan det er lågsesong i Nepal er det høgsesong i Noreg. Det kjem om lag 50 000 turistar som besøker breen i løpet av sommarsesongen, og her i vesle Jostedalen kan dei vere så heldige å bli guida av nokre av verdas mest erfarne høgfjellsklatrarar.

Du kan lese heile saka i siste utgåve av UTE.

Påska

I det augneblinket klokka passerer 16 fredagen før palmehelga forsvinn vi nordmenn inn i påskemodus. I kollektiv hentar vi ski frå boda, studerer langtidsvarselet på yr.no og kjøper kvikk lunsj på butikken. Autosvaret på jobbmailen er for lengst slått på. Fjellet kallar!

For min eigen del kalla fjellet meir enn nokon gong. Med seks veker i Kina gjekk eg glipp av stort sett all snøen vinteren hadde å by på. Toppane på Jølster hadde heldigvis spart på litt av det kvite gullet og yr hadde fire godvèrsdagar på lager. Vi omfavna dei alle med topptur og sjokolademelk i sekken (vi måtte jo drikke opp dei 18 vi hadde kjøpt på Coop til 100 kroner). 

Bjørsetfjellet på Langfredag - ein dag som går inn i toppturhistoria sine beste dagar. Samtlege kom ned og kjende seg som verdas beste skikøyrarar. Silkeføre!

jølster påska 2017.jpg

Påskeharen tok seg også ein tur til fjells.

Kvamsfjellet skuffa med pappskare, men imponerte med fantastisk lys.

Tindefjellet er på mange måtar nasjonalfjellet for ein som kjem frå Vassenden. Derfor var det ein skam at eg aldri hadde besøkt det på vinterstid. Det fekk vi gjort noko med!

Fjell altså! Blir aldri lei av denne utsikta.

DYE II

Eit tilbakeblikk til møtet med denne bygningen midt ute på Grønlandsisen.  DYE II er ein nedlagt amerikansk radarstasjon frå den kalde krigen, og blei forlatt i løpet av eit par døgn. No synk bygget sakte ned i isen. Skulle nokon vere på jakt etter ein stad å spele inn skrekkfilm er denne staden perfekt! DYE II er til tross for dette eit utruleg viktig delmål på turen, når du elles berre ser kvitt i alle retningar. 

Du kan forresten lese 17 sider om heile Grønlandsturen i siste utgåve av UTE.

Til topps

Årets første topptur. Litt lite snø, litt skodde. Men kva gjer vel det på årets første topptur.

2016

2016 er snart historie, og eg ser tilbake på eit år som har vore ekstra rikt på opplevingar. Livet er for kort til å berre bestå av kvardagar som blir gløymd like fort som dei er over. Derfor håpar eg 2017 også vil by på nye opplevingar og minner som kan bli med inn i framtida. Men før 2017 bankar på døra kjem ein liten biletkavalkade frå året som var.

 

magisklys.jpg

Året starta med ein tur til Flugestøylen heime på Jølster. Nokre minutt med dette magiske lyset vog opp for mangelen på snø. Ambisjonane var på dette tidspunktet høge for eit klassisk 365-dagers fotoprosjekt. Det gjekk skeis ein gong i mars. 

 

I løpet av vinteren starta eg å følge Vibeke med kameraet. Eit bekjentskap eg er veldig glad for, og som blant anna tok meg til både Finnmark og Nepal. 

 
nepal_lineharklau_9.jpg

I mars hadde det gått nesten eitt år sidan det katastrofale jordskjelvet i Nepal. Framleis er spora og såra tydelege. Men eg hugsar nok best dei gavmilde menneska som gav så mykje til tross for at dei har så lite. 

 

Ein månad på ski over Grønland må vel trekkast fram som det mest minnerike. I løpet av januar kjem endeleg reportasjen på trykk i UTE, og eg kan fortelje endå meir om det kvite eventyret. 

på rekke.jpg
 

Slik kan ein altså sjå ut etter ein månad på ski. Tidenes skilje og årets lågaste feittprosent. 

 

Sommaren inkluderte nokre fine dagar på UTE-kontoret, deriblant i Steigen, på Nigardsbreen og i fjella rundt Jølstravatnet.

naustholmen2.jpg
 
orkja.jpg

Jammen kjøpte vi oss drone.

 

Og kven skulle tru at eg og Åse skulle sitje her, i same dam som vi for ørten år sidan vaska håret i medan vi kosa oss på støylen.

 

Eik tok seg opp til fleire bad.

 

Hausten vart brukt i praksis hos UTE kor eg blant anna overnatta åleine under stjernene på Blefjell... 

 

...og fotograferte Knut Nærum og soveposen han har hatt sidan 1973.

 

Jula fann stad heime på Jølster. Ein etterlengta ferie skal nytast litt til før siste semester tek til, og eg og resten av klassen reiser til Kina for å gjere vårt avgangsprosjekt.

 

God nyttårsfeiring og takk for i år!

fauna jul_5.jpg

Moa

Moa blei kåra til Årets Rookie under Ekspedisjonsfestivalen i haust. Eg suste over til Vikedal kor ho bur for å møte ho, og lage portrettet til siste utgåve av UTE. Du kan lese portrettet her.

Knut Nærum sin sovepose

Det er ikkje kvar dag Knut Nærum får mulegheita til å vise fram sin 43 år gamle sovepose, og det er ikkje kvar dag eg får mulegheita til å fotografere det. Du kan lese meir om Nærum og soveposen i siste utgåve av UTE.

I rute

I sommar sa eg til Dag Hagen, redaktør i Klatring, at eg hadde ein idé. Eg tenkte det kunne bli spennande med ein sak om dei som er profesjonelle rutesettarar. Korleis blir ei rute til? Drøymer dei om nye ruter og flytt om natta? "Du får fem sider", sa han. Og fem sider blei det. Les saken i siste utgåve av Klatring.