ÅRETS BILDE

I går vann eg altså min første pris. Eg fekk 2.pris i kategorien portrett i Årets bilde - eit stort augneblink, som blei endå større då juryen fortalde at portrettkategorien var veldig sterk. Og det kjennes heilt greit å kome på 2.plass når svært erfarne og dyktige Espen Rasmussen frå VG tok 1.plass.

Bileta som blei premiert blei tekne i Kina for eit år sidan. Eg hugsar eg sat på eit hotellrom i Yangshuo med kinesisk hostesaft og såg på dårleg streaming av fjorårets utdeling. Eg hadde ingen tankar om at det eg tok med meg heim kunne skaffe meg ein pris på same utdeling året etter.

Det er moro å bli premiert for ein biletserie som skil seg mykje frå det eg vanlegvis gjer, både i tematikk og form. Det inspirerer meg til å fortsetje og eksperimentere, og utvikle meg sjølv.

Årets bilde var det Katinka Hustad som stakk av med, og i motsetnad til mange gonger før var det ikkje krig og flukt som var tema, men kjærleik. Eit spennande og modig val av juryen! Du kan sjå alle dei premierte her.