Eit rikt liv

Det er på ingen måte sjølvsagt at ein person let deg sleppe til, når du som vilt framand kjem med eit kamera og spør om å følgje kvart skritt personen tar. Eg veit ikkje om eg hadde gjort det sjølv, for kvifor skulle nokon vere interessert i å få vite meir om meg og mitt liv. Det same sa Juul då eg spurte om å få lage eit videoportrett av han. Det var vel ikkje noko spennande med han.

Jo. 

Juul Furulund er pensjonist. Kvar veke reiser han til Kjeller for å vekke gamle fly til live. Dei er skapt for å fly, ikkje for å stå seg i hjel på museum. Han aktar også å halde seg sjølv levande, til tross for dei tunge hendingane han har møtt på. 

(sjå i HD ved å gå til vimeo.com).

Fjellfilm

Avslutta festivalsesongen med Fjellfilmfestivalen, den trivelegaste av dei alle.

Sjå tidenes feel good-video frå festivalen her:

Glimt frå Øyungen

Av og til er det dei kortaste turane som blir dei beste. Ikkje noko stress med å kome fram i tide fordi det er langt. Og skulle ein få dyrisk lyst på wienerbrød kan ein gå ned for å kjøpe. 

I tillegg har ein eit hav av tid.

Tid til å ligge i hengekøya og sjå på tretoppane. 

Tid til å kaste tennisball ørten gonger i vatnet.

Tid til å sjå på fiskane (best utan lyd og i HD).

Tid til å redde ein augestikkar frå å drukne.

Tid til å sjå ei padde for første gong.

gjess.jpg

Tid til å tenke over at Canadagjess er ganske store.

Tid til å bli sjarmert av andemor og ungane, for deretter å bli ganske lei den høgfrekvente skrålinga til andemor, som Eik var skuld i. 

Tid til å berre vere til stades.

Diving dog

Eik blir skeptisk når han kjenner at han må svømme for å halde hovudet over vatn. Men under vatn går det heilt fint.

 

Strynefestivalen Greatest Hits

Klatring, kajakk og SUP var nokre av aktivitetane Strynefestivalen hadde å by på. Eg deltok gjennom linsa. Sjå bilete under og video her: http://www.fftv.no/tag/strynefestivalen2015

Magedansaren

Forrige veke hadde vi i oppgåve å portrettere ein kunstnar. Her er resultatet frå mitt møte med Jorunn Sjølli, som er magedansar og grunnleggar av Oslo Tribal Bellydance School:


Lokalavispraksis

Sidan påska har eg budd i Ål i Hallingdal, i eit fantastisk koseleg hus saman med Maud og Susanne frå klassen. Vi har hatt praksis i avisa Hallingdølen. 

Mykje av praksisen gjekk med til å vere med på TV-produksjonen av Liatoppen Skiskyttarfestival. Under produksjonen var namnet mitt kamera 3, ein identitet eg kunne like. Kamera 3 var ikkje alltid like flink til å zoome jamt og fint, men det kom seg utover helga. Og kva var oddsen for at ein av dei andre trivelege kamerafolka var del av Sjur Mørdre sin eksepedisjon over Antarktis i 1991?

Dei siste tre dagane har vi vore del av redaksjonen. Vi fekk dessverre ikkje så mange oppdrag, men har totalt sett dekka eit stort spekter av saker. Møtet med ein 50 år gamal kroppsbyggar var det mest spanande eg kom bort i:

Elles tok eg nokre klassiske kjeldeportrett, og besøkte ein ungdomsskule som hadde besøk av "Rock mot rus":

Avsluttar med nokre glimt frå Ål: