Glimt frå Øyungen

Av og til er det dei kortaste turane som blir dei beste. Ikkje noko stress med å kome fram i tide fordi det er langt. Og skulle ein få dyrisk lyst på wienerbrød kan ein gå ned for å kjøpe. 

I tillegg har ein eit hav av tid.

Tid til å ligge i hengekøya og sjå på tretoppane. 

Tid til å kaste tennisball ørten gonger i vatnet.

Tid til å sjå på fiskane (best utan lyd og i HD).

Tid til å redde ein augestikkar frå å drukne.

Tid til å sjå ei padde for første gong.

gjess.jpg

Tid til å tenke over at Canadagjess er ganske store.

Tid til å bli sjarmert av andemor og ungane, for deretter å bli ganske lei den høgfrekvente skrålinga til andemor, som Eik var skuld i. 

Tid til å berre vere til stades.