Mariann Sæther

For eitt år sidan besøkte eg Mariann Sæther på Voss. Då hadde ho nettopp vunne gull i brattpadlings-VM. Eg klarte dessverre ikkje å surre meg til å lage ein skikkeleg sak om det då. Men no har tida endeleg kome, og eg kan vise bileta frå ein svært innhaldsrik dag på vakre Voss.

Om du abonnerar på Fri Flyt kan du lese saka her.

 

 

Fjellfilm

Fjellfilm har blitt fast innslag og i helga var det igjen tid. Her er nokre av bileta eg tok for festivalen.

Eg hadde også eit lite prosjekt på gang for utemagasinet, nemlig fjellfilm-looken 2016. Det er utan tvil mykje mote i fjellheimen. 

Nigardsbreen

Eit godt stykke inne i Jostedalen finn du Nigardsbreen. Eit ettertrakta turistmål, men også arbeidsplassen til fleire nepalesarar. Medan det er lavsesong i Nepal kjem eit knippe nepalske guidar til vesle Jostedalen for å arbeide på breen og i fjella. Samtlege har vore på toppen av Everest fleire gonger, den eine 19 gonger (!). Reportasje om eit lite stykke Nepal i Jostedalen kjem i Utemagasinet neste år. Imens deler eg nokre bilete frå den vakre breen.

Steigen

For litt over to veker sidan starta eg å jobbe for utemagasinet. Eg skal jobbe der gjennom sommaren, før eg skal ha praksis same stad fram til jul. Kan jo ikkje seie noko anna enn at det er fantastisk å få betalt for å vere på tur.

Første helga i jobben reiste eg til Steigen og Randi Skaug si øy Naustholmen. Her blei det arrangert Eventyrjenterfestival. Nord-Norge viste seg frå si beste side, og det er ingen tvil om at eg skal tilbake. Her kjem nokre glimt frå festivalen, men nokre godbitar må eg spare då dei skal på trykk først neste sommar. 

Frå Nepal til Grønland

Mykje har skjedd sidan sist eg skreiv noko her. Eg har nettopp kome heim etter ein månad på ski over Grønland. Like før reiste eg til Nepal for å lage reportasje om Vibeke, som var på Mount Everest under jordskjelvet i fjor. Ho blei igjen for å drive hjelpearbeid, og flytta ut i telt då ho kom tilbake til Noreg. Eg blei med ho tilbake til Nepal nesten eit år etter katastrofa. Ei tøffare og meir spennande dame skal du leite lenge etter!

Eg fekk oppleve svært mykje i løpet av veka i Nepal. Ei natt under stjernene i ei avsidesliggande grotte er noko av det eg hugsar best. I grotta budde ein eldre mann, som er den einaste gjenbuande frå det som var eit isolert grottesamfunn. Dei andre flytta etter jordskjelvet, og har mista stort sett alt. Eg beit meg også merke i kor sterkt fleire reagerte på dårleg vér. Ei ung mor gøymte seg under senga med barnet sitt då det blåste opp utanfor. Det er ingen tvil om at jordskjelvet har satt djupe spor, både fysisk og mentalt. 

Du kan lese den ferdige reportasjen på UTEmagasinet.no og her. Under er litt bits & pieces frå reisa. Meir om Grønland seinare.

Greatest hits februar

Eit utval frå dei 29 bileta i februar. 

Tema:

  • mjukt
  • bevegelse
  • repetisjon
  • undereksponert

Realitetssjekk på Finse

I helga var det endeleg tid for ein realitetssjekk, på Finse. Vi fekk kjenne på white-out og nysnø, motvind og medvind, tung havregrynsgraut og varm sovepose. Eg konstaterer at eg er greitt i rute, men minner meg sjølv på at Grønland vil by på tyngre pulk, lengre dagar, lågare temperaturar, og ca. 570 fleire kilometer. 

Det er berre to månader igjen til avreise. Det var liksom i går eg tenkte at eg har god tid, det er jo eit år igjen. Men slik er det med tida, den går. Gjerne fortare enn ein set pris på. Samtidig begynner eg å bli lei av å tenke på Grønland. For Grønland, du er i tankane mine stort sett heile tida. Derfor var det godt å komme ut i vinteren og teste status.

Vi ramla ut av toget torsdag ettermiddag, med dei mindre handterlege pulkbagane våre. 11 stk. spente personar, som nok alle hadde tenkt dei same tankane. Er eg i god nok form? Kjem eg til å vere svakast i gruppa?

Opphaldet starta med ei grundig innføring i etablering av camp og bruk av brennar, dei tinga som sørgjer for tak over hovudet, mat og drikke. Relativt viktige ting med andre ord. Vi lærte å behandle teltet med kjærleik for å unngå brukne stenger og oppriven teltduk, samt å sikre og bardunere slik at vinden ikkje stikk av med det. Det er ganske kjipt å måtte gå ut i nattestormen fordi du var slapp med barduneringa kvelden før. Etter fleire historier om sjangling og bevisstlaushet som følgje av kullosforgifting, fekk vi ganske stor respekt for brennaren også. Og ein ting til:

– Vottar på bakken er strengt forbode!

Ein fin fredags morgon på Finse.

Ein fin fredags morgon på Finse.

Kulde har vore og er framleis ei bekymring for min del. Trivselen er stor då eg vaknar fredags morgon, ser iskrystallane i telttaket og konstanterer at eg har hatt det fantastisk varmt og godt i posen heile natta. Men det var nokre vonde minutt då glideglåsen blei åpna og den kalde lufta brøyta seg fram. Så var det frukosten. Den blir ein kamp, det kan eg seie allereie no. Varm og søt havregrynsgraut er tungt å trykke i seg. Framover blir det eksperimentering med alternativ til graut. Morgonrutinene gjekk elles ganske så knirkefritt. Ingen bevisstlause personar og den einaste teltstanga som knakk høyrde til guideteltet (haha). 

Vi gjennomfører seks økter på 30 minutt kvar, halvparten av det vi kjem til å gå på Grønland. Med solbrillene på og ganske behagelig tempo er det lite å klage på. Telta blir reist, arbeidsgropa gravd og vatn kokt. Real turmat med smak av torsk i karri er ein uventa hit. Så er det i grunn berre å hoppe i soveposen. Skiskoa av og tørre sokkar på. Og for å gjere det klart, ullsokkar som har godgjort seg i fotsveitte inne i ein plastpose (dampsperre) etter ein dag på ski luktar ikkje godt. Eg tør ikkje tenke på tilstanden etter sju dagar med same sokkepar. Men tørre ullsokkar, varmeflaske, sovepose, sørlandschips og Big Bang Theory er ganske så fantastisk. 

 

Rykande fersk sokk.

Rykande fersk sokk.

Laurdagen er den store prøven. Vi vaknar til vind, nysnø og dårleg sikt. Planen er 12 økter. Kl. 8 står vi klare med skibrillene på. Det er tungt føre og white-out, men litt moro å kjenne at ein lever. Fella mi finn det for godt å sleppe taket. Pokkers felle. Eg stappar den oppi buksa, varmar den på brystet. Imens prøvar eg å legge mest muleg vekt på skia som framleis har felle. I neste pause har heldigvis den slappe fella tatt til vettet. 

Vi vekslar mellom pausar på fem og 10 minutt. Det er ikkje tid til å somle, du må vite kva du skal prioritere, spesielt i dei kortaste pausane. Elles risikerer du å måtte lukke lunsjposen like fort som du har opna den. Eg snakkar av erfaring. Store mengder sjokolade skal ned i løpet av dagen. Berre synd at sjokolade som elles er så godt, er heilt middelmådig når du begynner å bli sliten. Lunsjpausen er kjærkommen, suppe i forteltet. Vi er i økt 9 og vinden kjem rett i mot. Det er så vidt det går framover og alle kunne banne på at vi hadde gått i meir enn 30 minutt når signalet om pause kom. Faktum var at vi gjekk 45 sekund mindre. Det blir avgjort at den tiande økta blir den siste. Vi snur og får vinden i ryggen. Halleluja.

I teltet tar det litt lenger tid å bli varm samanlikna med dagen før. Og viltgryta er ein stor skuffelse. Det blir ikkje viltgryte på Grønland! Vi ventar på at vi skal gå inn på Finsehytta og ta ei siste samling og prat om helga. Imens sit vi berre i teltet og stirer tomt ut i lufta, seier ingenting. Då veit du at du er sliten, men jammen er det godt også. Apropos godt, Fantaen på hytta var toppen av lykke. Gler meg allereie til den første Fantaen etter Grønland.  

I løpet av helga gjekk det meir og meir opp for meg at det å flytte den eine skia framfor den andre på mange måtar er det enklaste på heile turen. Men det kan bli veldig tungt om ein gjer ein dårleg jobb med alt det andre. Dårlege val, snarvegar og latskap kjem og bit deg i ræva på eit seinare tidspunkt. Og på Grønland er det ekstra kjipt å bli bitt i ræva, trur eg iallefall.

Publisert på UTE-bloggen 25.02.16

Du veit

Du veit når skrivebordet bugnar av skulebøker, og worddokumentet på pcen ventar spent på fortsetjinga etter du fann ut at «Innledning» skulle stå i skriftstørrelse 16 i staden for 14. Du snurrar deg ut av kontorstolen, set kursen mot klesskapet. Du ser på hyllene med treningsklede, og lurer på om den litt slitne Nike-buksa høyrer heime hos treningsbuksene eller kosebuksene. Du synes det er vanskeleg å avgjere fordi buksa funkar dårleg å jogge med, men den funkar jo på yoga. Du funderer lenge og vel, og kjem omsider fram til at ei bukse som blir brukt meir på veg til trening enn på trening, strengt tatt ikkje har kvalitetane som skal til for å flotte seg med dei spreke og spenstige treningsbuksene. Tilbake i kontorstolen kjenner du at du eigentleg er ganske sliten etter den vanskelege beslutninga. Du bestemmer deg for å lage ostis. På veg til sofaen skrapar du av den overflødige osten, puttar den i munnen og tenkjer at det jammen er lite som slår smelta ost. Du og ostisen deisar nedi sofaen. Sofaen lagar eit lite smell, uttrykkjer si misnøye og lurer på kvifor du ikkje kunne satt deg pent og pynteleg. På TVNorge sender dei Friends, serien du har sett 33 gonger før. Dei sender ikkje berre ein episode, ikkje to eller tre, nei, fire på rappen. Og når du har sett tre kan du like godt sjå den fjerde. Medan du ser den fjerde episoden startar bikkja å mase. Som med det meste anna, bortsett frå å oppretthalde god struktur i klesskapet, er det tiltak å gå ut. Men det er hakket verre å høyre på maset, og du kjem deg omsider ut døra. Litt frisk luft er jo ikkje å forakte. Så er det jo middag. Og trent skulle ein også gjort. Dagens episode av Masterchef Australia er også svært viktig. Så var det liksom kvelden då.

Ja.

 

Greatest hits januar

Den først månaden i 2016 er over og igjen står 31 bilete. Her kjem eit utval. Tema for dei fem første vekene var grønt, kulde, ovanfrå, lite djupne og negativt rom. 

Ingvild og Mats

I helga fotograferte eg i bryllaupet til Ingvild og Mats. Ein svært flott dag å vere fotograf på. Sjølve bryllaupsbileta tok nokon andre seg av, eg kunne med andre ord vere fluge på veggen heile dagen.

Kvifor?

Om fem månader står eg, om alt går etter planen, ved foten av brefallet på vestsida av Grønland. Framfor meg ligg 600 snøkledde kilometer. Bak ligg ein pulk tyngre enn meg sjølv. Og dette betalar eg pengar for. Kan du forstå det?

Folk reagerer ganske ulikt når eg fortel at eg skal gå åtte timar på ski kvar dag i nesten ein månad. Mange synes det er kult, men er klare på at dei ikkje kunne gjort det sjølv. Andre blir misunnelege. Nokre få reagerer med irritasjon og nesten sinne over at eg kan ha lyst til å bruke tida mi på noko slikt.

– Everest kan eg forstå, men ikkje Grønland. Everest er verdas høgste fjell, Grønland er ingenting.

Når eg høyrer slikt blir eg forundra, og tenkjer at det er ganske bortkasta å irritere seg over kva eg vel å bruke livet mitt på. Men mest av alt tenkjer eg at eg og den aktuelle personen har litt ulik tilnærming til kva ein slik tur handlar om.

Først skal det nemnast at Grønland er litt meir enn ingenting. Grønland er verdas største øy, og det er lettare sagt enn gjort å spasere over innlandsisen. Det fekk Fridtjof Nansen erfare allereie i 1888. Men for min del handlar det aller mest om å vere lenge på tur.

Eg har aldri vore meir enn ei veke på tur, som oftast blir det dagsturar eller helgeturar. Misforstå meg rett, ingenting er betre enn å ta ei helg i det fri. Men kvardagen er litt for nærme, bobla sprekk litt for fort. Eg vil kome inn i bobla og vere der. Bobla kor alt handlar om her og no. Kor det ikkje er rom for eller vits i å tenke lenger enn til neste pause, neste kopp te, eller den varme soveposen i teltet. Kor dei små augneblinka får alt å bety.

Sjølvsagt handlar Grønland også om utfordring, å gjere noko eg aldri har gjort før. Eg anar ikkje korleis eg vil oppleve eller takle det. Men målet er å legge til rette for at turen over Grønland skal bli så bra som muleg. Først og fremst å bli i god nok form, slik at stundene kor eg kjenner at kroppen fungerer er fleire enn dei kor alt kjennes som eit slit. Eg må slutte å bli handlingslamma når eg blir kald. Eller rettare sagt bli betre på å gjere det som må til for å halde varmen. Eg må finne ut kva slags sjokolade eg orkar å trykke i meg dag etter dag. Og eg må bli god på å tisse på flaske. 

Publisert på UTE-bloggen 07.12.15.

Helsport Moment

Dét er alltid moro å vinne konkurransar, spesielt når premien er over gjennomsnittet bra. Helsport har kvart år ein fotokonkurranse kor premien er 10 000 kroner i valfritt Helsportutstyr, og jaggu vann eg i kategorien "vår/sommar" med dette biletet frå Øyungen i Nordmarka. Kanskje hamnar biletet i neste års katalog også.


Klatremagi i Bergen

Første halvdel av oktober var klassen i Bergen. Vi hadde to vekers praksis i Bergens Tidende. Praksisen var prega av lite oppdrag, og aukande frustrasjon rundt dette. Tre av oss starta derfor opp eit eige prosjekt om adrenalinfylte sportar i Bergen, eit tema BT i liten grad hadde dekka frå før.

Eg fekk berre tid til å bli med på ut på klatring. Vi reiste til Loddefjord med Eline og Trond Kristian. Klatrefeltet i Loddefjord består av ein overhengande vegg med vanskelege ruter. Som regel brukar klatrarane lang tid på å toppe ei rute. Trond Kristian gjekk til topps og Eline kom lengre enn nokon gong, men i eit fotografperspektiv skjedde det mest magiske etter mørket hadde gjort sitt inntog:

Saka var på trykk i btmagasinet laurdag 14.november:


Pumpkin-Pål i pulken

Betre seint enn aldri.

Til tross for at eg ikkje har noko særleg interesse av Halloween, fann eg ut at litt ekstra vekt i pulken strengt tatt må sjåast på som ein bonus i desse dekktrekkingsdagar. Derfor vart Pumpkin-Pål med på dekktrekking- og lavvotur til Rottungen for to veker sidan. Du kan forøvrig lese meir om Pumpkin-Pål i mitt første blogginnlegg for UTE. Planen er å halde folk oppdatert på prosessen med førebuing til Grønland, og tankar og refleksjonar rundt det heile. 

Pumpkin-Pål fekk eit stearinlys å varme seg på.

Ein god morgon.

1.november eller ei. Bading er innanfor. 

Pumpkin-Pål slapp å bade, men fekk lov til å tilbringe resten av livet sitt ute.

Pulken blei også litt lettare.

Eit rikt liv

Det er på ingen måte sjølvsagt at ein person let deg sleppe til, når du som vilt framand kjem med eit kamera og spør om å følgje kvart skritt personen tar. Eg veit ikkje om eg hadde gjort det sjølv, for kvifor skulle nokon vere interessert i å få vite meir om meg og mitt liv. Det same sa Juul då eg spurte om å få lage eit videoportrett av han. Det var vel ikkje noko spennande med han.

Jo. 

Juul Furulund er pensjonist. Kvar veke reiser han til Kjeller for å vekke gamle fly til live. Dei er skapt for å fly, ikkje for å stå seg i hjel på museum. Han aktar også å halde seg sjølv levande, til tross for dei tunge hendingane han har møtt på. 

(sjå i HD ved å gå til vimeo.com).

Fjellfilm

Avslutta festivalsesongen med Fjellfilmfestivalen, den trivelegaste av dei alle.

Sjå tidenes feel good-video frå festivalen her: