2016

2016 er snart historie, og eg ser tilbake på eit år som har vore ekstra rikt på opplevingar. Livet er for kort til å berre bestå av kvardagar som blir gløymd like fort som dei er over. Derfor håpar eg 2017 også vil by på nye opplevingar og minner som kan bli med inn i framtida. Men før 2017 bankar på døra kjem ein liten biletkavalkade frå året som var.

 

magisklys.jpg

Året starta med ein tur til Flugestøylen heime på Jølster. Nokre minutt med dette magiske lyset vog opp for mangelen på snø. Ambisjonane var på dette tidspunktet høge for eit klassisk 365-dagers fotoprosjekt. Det gjekk skeis ein gong i mars. 

 

I løpet av vinteren starta eg å følge Vibeke med kameraet. Eit bekjentskap eg er veldig glad for, og som blant anna tok meg til både Finnmark og Nepal. 

 
nepal_lineharklau_9.jpg

I mars hadde det gått nesten eitt år sidan det katastrofale jordskjelvet i Nepal. Framleis er spora og såra tydelege. Men eg hugsar nok best dei gavmilde menneska som gav så mykje til tross for at dei har så lite. 

 

Ein månad på ski over Grønland må vel trekkast fram som det mest minnerike. I løpet av januar kjem endeleg reportasjen på trykk i UTE, og eg kan fortelje endå meir om det kvite eventyret. 

på rekke.jpg
 

Slik kan ein altså sjå ut etter ein månad på ski. Tidenes skilje og årets lågaste feittprosent. 

 

Sommaren inkluderte nokre fine dagar på UTE-kontoret, deriblant i Steigen, på Nigardsbreen og i fjella rundt Jølstravatnet.

naustholmen2.jpg
 
orkja.jpg

Jammen kjøpte vi oss drone.

 

Og kven skulle tru at eg og Åse skulle sitje her, i same dam som vi for ørten år sidan vaska håret i medan vi kosa oss på støylen.

 

Eik tok seg opp til fleire bad.

 

Hausten vart brukt i praksis hos UTE kor eg blant anna overnatta åleine under stjernene på Blefjell... 

 

...og fotograferte Knut Nærum og soveposen han har hatt sidan 1973.

 

Jula fann stad heime på Jølster. Ein etterlengta ferie skal nytast litt til før siste semester tek til, og eg og resten av klassen reiser til Kina for å gjere vårt avgangsprosjekt.

 

God nyttårsfeiring og takk for i år!

fauna jul_5.jpg