VENTEROMMET

Mora til Bassel orka ikkje tanken på å miste fleire søner. Ho trygla han om å forlate Syria. No sit Bassel mellom fjordar og fjell på Vassenden asylmottak, og ventar på å få sjå familien sin igjen.
 

 

Ved enden av det langstrakte Jølstravatnet ligg eit gult bygg, omkransa av snøkledde og mjuke fjelltoppar. Slitne bokstavar på fasaden minner om kva bygget var. ”Jølster Hotell”. Bygget tilbyr framleis husrom, men bebuarane her har ikkje kome for å feriere. Dei har flykta frå sine heimland i håp om å finne noko betre.

– Tanks i gatene, bomber og helikopter. Blod, død. Livet stoppa opp.

Slik beskriv Bassel det han bestemte seg for å flykte frå. Før krigen brukte Bassel store delar av tida på sine tre møbelforretningar, som han dreiv med to brør. Familien hadde tilgang på det dei trong. Lånet på bilen blei betalt på berre to år. 

Så kom krigen. Det starta som fredfylte demonstrasjonar, eit rop om demokrati, men enda i borgarkrig. Ein krig som skulle ta livet av broren og fleire søskenbarn. Ein krig som skulle få Bassel til å gjere det vanskelegaste han nokon gong har gjort; forlate familien. 

Publisert i Firda 4.februar 2016. 
 

Lyden av summande stemmer og bestikk som møter porselen, er bytta ut med lyden frå ei kvinande tredemølle og trampande bein. Det som ein gong var ein spisesal for festlege lag, er no treningsrom. Bassel startar dagane sine her.

– Ein halv time på tredemølla er nok, seier Bassel og smiler. 

Han går vidare til manualane. Avsluttar økta på sykkelen. Det er ein fin morgon om ein dømer ut frå vêret. Sola har funne vegen gjennom dei elles regntunge skyene. 

 
 

Eit rom kledd av blåe treveggar er det nærmaste Bassel kjem ein heim akkurat no. Ein heim han deler med Gaith. To pent oppreidde senger, kjøleskap og bad. Skulebøker på nattbordet. 

Frå kjøleskapet plukkar Bassel med seg fem egg. I slippersar fraktar han den komande frukosten til kjøkkenet. Over bølgjete og slitt golvbelegg, ned den dunkelt belyste trappa, gjennom gangen med det kalde skifergolvet og inn på det kvite kjøkkenet. 

Han er åleine her denne morgonen. Egga blir til syrisk eggerøre. Morgon blir til føremiddag medan eggerøra forsvinn bit for bit. 

 


 

For å kome seg til Noreg betalte Bassel 7000 euro. Bilen som blei kjøpt for 45 000 amerikanske dollar, blei seld for 10 000 for å betale menneskesmuglaren.

I Oslo møter han Moayad, også frå Syria. Begge blir sendt vidare til Vassenden, via Refstad og Haslemoen transittmottak. 

Nokre få dagar etter at dei kom til den vesle bygda, fekk Bassel beskjed om at opphaldsløyva var innvilga. Men han må bu på mottaket til ein kommune tilbyr han ein stad å bu. Nyleg fekk Bassel vite at det finst plass til han i Gulen kommune. Moayad på si side ventar på å kunne reise ut frå Noreg. Han ser ikkje noko framtid i Noreg. 

– Eg vil berre få reisedokumenta i orden, slik at eg kan reise herifrå. Det tærer på å leve slik som det her, eg er redd for å gå frå vettet, fortel Moayad.

 
 

På mobilen har Bassel lagra bitar frå livet i Syria. Han forklarar på gebrokken engelsk, men med stødig stemme når han viser bilete av personane han har kjærast i livet. Kona og barna. Glade ansikt. 

– Alt eg tenker på er å få familien min hit. Eg kan miste nokon av dei når som helst.

Han blar vidare. Bror og søskenbarn. Noko er annleis. Smilet er ikkje der lenger. Livet er ikkje der lenger. Bassel har i likskap med mora ikkje råd til å miste fleire. 

 
 

For tida oppheld kona og barna seg i Damaskus. Byen blir sett på som ein av dei tryggare plassane å vere, og svært mange har flykta hit.

Familien var i intervju om familieforeining ved den norske ambassaden i Beirut i juni i år. Ifølgje UDI kan det ta opp til 18 månader å behandle saker om familieforeining.  

– Det burde ikkje ta så lang tid. Eg reiste til Noreg fordi eg hadde høyrd at behandlingstida var kort. No angrar eg.

Bassel ser likevel for seg ei framtid i Noreg. Han trur han og familien vil få eit betre liv her. Men enn så lenge kan han ikkje gjere anna enn å vente.

 
 

Slippersar blir bytta ut med sko og skulebøker blir pakka. Det er på tide å gå til bussen. På bussen sit passasjerane ein og ein, klemt inntil vindauget. Bassel synes dette er eit merkeleg fenomen.

– Nordmenn er hyggelege, men litt sjenerte og vanskelege å få i prat.

Utanfor susar fjell og skog forbi, før busetnaden tar til. Bussen stoppar like utanfor Førde sentrum. Ein stad med trafikklys, badebasseng og mindre snø. 

Asylsøkjarar og innvandrarar frå ulike stader i fylket reiser til Førde for å lære det norske språket. Bassel håpar han ein dag kan sende sine eigne born på skule her.

– Kvar dag ser eg born på veg til skulen og eg startar å tenkje på min eigen familie, seier Bassel.

Etter to og ein halv time i klasserommet ligg som oftast heile kvelden åpen, til å sitte i ein slitt sofa, til å tenke, til å vente. Men i dag er det tysdag. Bassel og Moayad møter ein ven og saman går dei på korøving med Førde internasjonale kor. Her møtast personar frå alle verdas krokar. Saman syng dei og deler historier over kjeks og te. 

– I Syria blei vi lite kjende med andre kulturar. Det er fint å møte nye folk frå ulike land her, seier Bassel.

Ute har det starta å regne. Dråpane samlast i små dumper i asfalten. Bassel er godt kjent med det uforutsigbare Vestlandsvêret, og slår opp den svarte paraplyen på veg ut frå korøvinga. Dei tre mennene er nesten åleine idet dei set retninga mot kjøpesenteret for å handle mat. Kvitt brød og tomatar. 

Siste buss for kvelden går om 20 minutt. På venterommet dreg Bassel fram ein sekspakning med kroneis frå posen sin. Blant tomme sitteplassar og etterlate tomflasker, blir isen delt mellom dei tre. 

 
 

Bassel og Moayad finn plass på bussen, som fraktar dei frå byen til bygda. Frå eit venterom til eit anna.