INFO OG PRISAR

bryllupsbilder marie og tom-91.jpg
 
 

Om meg

Mitt namn er Line Hårklau. Eg er utdanna fotojournalist og basert i Oslo, men tek oppdrag over heile landet. Til dagleg arbeidar eg som frilanser med både foto og tekst. Mykje av tida lagar eg stoff frå friluftslivet, då det er ein av mine store interesser. I arbeidet som bryllaupsfotograf kjem denne erfaringa til stor nytte. Eg er van med å jobbe med menneske, å fange augneblinka som oppstår og å komponere bilete i vakre omgivnader.

Sidan eg har ei dokumentarisk tilnærming til foto, likar eg aller best når eg får mulegheita til å vere med heile dagen og vere fluge på veggen. Bryllaupsdagen består av utruleg mange små og store augneblink, som det er ekstra kjekt å kunne sjå tilbake på. 

Før sjølve dagen møtast vi for å kartlegge ønskjer og behov. Om ein har konkrete tankar rundt sjølve bryllaupsbileta, er Pinterest ein fin plass å samle inspirasjon. Når bryllaupsdagen kjem kan dykk slappe av og vite at eg tek meg av alt som har med fotografering og gjere.

Prisar

Heildagsfotografering:

  • Eg fotograferer frå morgon til kveld - inntil 10 timar.
  • Eg tilbyr photobooth for dei som ynskjer det.
  • 300-400 bilete leverast digitalt og på minnepenn i fargar og svart-kvitt.

Pris: 21 900,- inkl. moms.

Halvdagsfotografering:

  • Eg fotograferer i inntil 4 timar.
  • 100-200 bilete leverast digitalt og på minnepenn i fargar og svart-kvitt.

Pris: 13 900,- inkl. moms.

Prisane inkluderer alt utanom transport og evt. overnatting. Ved køyring kjem eit tillegg på 3,50 kr per kilometer + bom, parkering, osv. 

Kontakt meg gjerne på post@lineharklau.com eller tlf. 971 04 907.