EIN STAD MELLOM VINTER OG VÅR

Då støyen frå verda stilna under pandemien, retta eg blikket ut vindauget.
På fuglar, stadig nye fuglar.
Sol i april. Snø i mai.
Dropar i vatnet.
Kvar time, kvar dag skjedde noko nytt.
Alt dette som elles berre suser forbi, ubemerka, gjekk no i sakte film.
Rett utanfor vindauget mitt.
Det skjer kvart år.
Vinter blir til vår.

VEDGJENGEN

Vedgjengen fortener ein eigen post, her på denne dårleg oppdaterte bloggen. Dei høgg og bærer og kløyver og pakkar all veden til markahyttene i Oslo - frivillig. Tenk på det neste gong du legg ein vedkubbe i omnen på Fuglemyrhytta. Les meir om dei i årboka til DNT som kjem i desse dagar.

Sommaren

Eit tilbakeblikk på sommaren.

Portrett Pia Ve Dahlen

Hytteturnè for UT.no. Sjå dronevideoar på UT sin IGTV.

diverse-10.jpg

Friluftssjukehuset ved Rikshospitalet

Turmat

LITT AV KVART

Oi, no var det lenge sidan sist.

Her er litt av kvart frå vinteren og våren som har gått:

Portrett av Knut Nærum for Fjell og Vidde.

Star Wars-festival på Finse for Fjell og Vidde - kjem på trykk neste vinter.

Skitur over Besseggen for Fjell og Vidde - kjem på trykk neste vinter.

Vinterstemning.

Toppturar i Sunnfjord for magasinet Perspektiv (Widerøe) - kjem på trykk neste år.

17.mai på toppen av Orkja.

Rando i marka

Nedkøyringa var kanskje ikkje enormt bra, men elles tommel opp for rando i marka! På trykk i Fri Flyt.

Jølstravatnet rundt

Ulempa med å arbeide med magasin som berre kjem ut nokre få gonger i året, er at du gjerne må vente eit heilt år før du ser resultatet på trykk. Og no er endeleg saka om turen rundt Jølstravatnet eg og fleire tok sist vinter på trykk i Fri Flyt.

2018 - eit tilbakeblikk

Det har blitt tradisjon å oppsummere året her på bloggen.

2.nyttårsdag tindefjellet-7.jpg

Årets kanskje største høgdepunkt kom allereie i januar. Då fekk eg vite at eg var nominert i Årets bilde. Folk flest har nok ikkje høyrd om konkurransen, men innad i bransjen er det noko av det gjevaste ein kan bli nominert til i Norge. På premieutdelinga i mars vann eg 2.pris i kategorien portrett for ein bildeserie om Luojun frå Kina. Det var stort!

 
påska 2018 syskarnipa_4.jpg

I juni fekk eg jammen endå ein pris; hederleg omtale under utdelinga av Fagpressens fotopris for bildereportasjen om sauesanking, som var på trykk i UTE.

 
bilder magasin norsk folkemuseum-4.jpg

Sjølv om fjellreportarjobben berre var eit engasjement på ein månad, fekk eg tilbod om å starte i DNT allereie i april som kommunikasjonsrådgjevar og fotojournalist. Derfor var eg så heldig å få reise på tur igjen i august, denne gongen til Rondane. Oppdraget var å fotografere området i det store og i det små til DNT si årbok. Det blei også ein reportasje frå turen i årboka. Ein kjenner seg verkeleg privilegert som får gjere slike ting som del av jobben!

 

Og som om det ikkje var nok med hus på Jølster og leilighet i Oslo, blei vi hytteeigarar i oktober. Vi kom heilt tilfeldig over annonsa og klarte ikkje slutte å tenke på den vesle hytta som ligg heilt for seg sjølv i Liemarka i nærleiken av Nesbyen. Då vi fann ut at hytta i tillegg bar namnet Fjellheim, var det ingen veg tilbake. Vi eig hytta i lag med mamma og har no ein stad kor regnvåte vestlendingar kan søke ly.

dråpe på grein-4.jpg

2.nyttårsdag gjekk vi opp til sola som skinte på Tindefjellet, medan tåka låg tung over bygda. Dette var berre starten på ein usedvanleg bra vinter.

 
07-11063-996escape4.jpg

Påska hadde både pudder og godvêr på lur! Aller best hugsar eg turen til Syskarnipa. Fantastiske forhold både på veg opp og ned.

 
sauesank-5.jpg

I sommar hadde eg nok draumejobben. Av 160 søkarar var eg og Åshild så heldige å få jobben som fjellreportarar for DNT og Norsk Folkemuseum. I 17 dagar gjekk vi frå hytte til hytte i fjellet og intervjua unge på tur. Eg fekk oppleve Trollheimen, Okstindan, Saltfjellet og Svartisen. Intervju og bilder er arkivert hos Norsk Folkemuseum. Det er fint å tenke på at noko av mitt eige materiale er bevart for ettertida.

 
Skjermbilde+2018-12-31+kl.+14.42.39.jpg

Det er likevel noko eige med å vere på tur utan å vere på jobb samtidig. Vi tok ein etterlengta ferie i september og var tre veker på Jølster. Målet var å utforske Sogn og Fjordane. Vêret var ikkje alltid på vår side, men vi fekk prøvd dei nye packraftane våre i Langedalen i Luster (for ein vakker dal!), i Våtedalen og på Kjøsnesfjorden. Vi besøkte også Vetvika og Flatbrehytta i Fjærland. Når vêret ikkje viste seg frå si beste side, rydda vi store mengder skrot ut av huset vårt. Det er framleis usikkert når vi set i gong med oppussing, men saman med eit arkitektfirma har vi nokre spennande planar på gong.

 
drone hytta-2.jpg

Apropos regnvåte vestlendingar. Jula har vore ganske så blaut og på årets siste dag regnar det meir enn nokon gong. Kryssar fingrane for meir snø i 2019!

Takk for i år.

RONDANE I STORT OG SMÅTT

Eit av mine favorittoppdrag så langt: fange Rondane i det store og i det små - til DNT si årbok 2018.

camilla og kristoffer

Det skjer ikkje så altfor ofte, men ein gong i blant byttar eg ut fjellsko med finsko. Eg fekk vere med då Camilla og Kristoffer gifta seg i august:

FRIDYKKING

Var på nybegynnarkurs i fridykking i fjor sommar, noko som har blitt til sak i siste utgåve av UTE. Eg har omsider fått kjøpt eige utstyr og satsar på å få tatt ein tur under overflata i ferien om to veker!

Takk for turen!

Ein månad har gått sidan eg starta i jobben som fjellreportar og no er eventyret over. Eg har sikkert sagt det før, men eg kjenner meg så utruleg heldig som har gått tur i fjellet, snakka med folk og fått betalt for det! Det som har gjort denne reisa til noko heilt spesielt er sjølvsagt fin natur, men først og fremst alle dei fine folka eg har møtt undervegs. Tusen takk til alle som har latt seg intervjue og delt refleksjonar og tankar med ein vilt framand fjellreportar. Takk til alle som har gitt gode råd, alle som har hjulpe med skyss og mobildekning, og alle som har bydd på gode historier og fine samtalar. Eg veit ikkje om vi blir ein betre versjon av oss sjølve i fjellet, eller om det berre er kjekke folk som går i fjellet, men Johannes som eg møtte på Tåkeheimen sa det veldig fint: 

«Eg synes det er herleg å tenke på kor mykje flotte folk som flyg rundt i fjell og skog saman med meg. Det ironiske er at eg ofte stikk av garde på lange turar for å kome bort frå nettopp folk, og så endar eg berre opp med fornya tillit til menneskeheta når eg kjem heim.»

Vi har hatt i oppgåve å skrive dagbok undervegs, noko du kan finne her. Du kan også sjå og høyre alle intervjua her. Her kjem nokre smakebitar i form av bilder:

ER SKOGEN PÅ FJELLTUR?

Eg har vore så heldig å få jobbe med eit videoprosjekt for Den Norske Turistforening (DNT) og Naturhistorisk museum om tregrensa som kryp oppover og terreng som gror igjen. Eg besøkte tre ulike personar ulike stader i landet, deriblant Alf Støfring heime på Jølster. Det er ingen tvil om at landskapa vi har rundt oss påverkar oss!

Om du vil vere med å kartlegge skoggrensa, kan du laste ned appen "Natur i endring" og hjelpe forskarane med å forstå endringar i natur og klima.

Hederleg omtale

Forrige torsdag var eg for første gong på utdelinga av Fagpresseprisane, og jammen fekk eg sjølv hederleg omtale då Fagpressa sin fotopris blei delt ut - for reportasjen "Heim att" i UTE om sauesanking. Sjølvsagt veldig moro!

Fjellreportar

Eg var visst om det ei stund, men i dag gjekk DNT ut med det - eg skal surre rundt i fjellheimen i sommar og vere ein såkalla fjellreportar for DNT og Norsk Folkemuseum. Med to stillingar og 160 søkarar, er det sjølvsagt ekstra stort å vere ein av dei to heldige. I kvar våre områder skal vi snakke med unge folk på tur om hytteliv og friluftsliv, ta bilder og filme. Attpåtil skal dette bli eit historisk dokument som skal arkiverast for framtida. Snakk om drøymejobb!

Elles hadde eg ei real oppsamling av saker i forrige UTE og Sommerekstra:

Turen i Utladalen kor eg tok ein prat med alle vi møtte undervegs:

Portrett av Truls Svendsen og Stian med sekken (Stian Aadland):

Teltturen på toppen av Høystakkane (ser du oss?):

irmelin og jan kristian

Då var det tid for å fotografere bryllaup igjen. Alltid kjekt med folk ein kjenner, og på artige locations.

ÅRETS BILDE

I går vann eg altså min første pris. Eg fekk 2.pris i kategorien portrett i Årets bilde - eit stort augneblink, som blei endå større då juryen fortalde at portrettkategorien var veldig sterk. Og det kjennes heilt greit å kome på 2.plass når svært erfarne og dyktige Espen Rasmussen frå VG tok 1.plass.

Bileta som blei premiert blei tekne i Kina for eit år sidan. Eg hugsar eg sat på eit hotellrom i Yangshuo med kinesisk hostesaft og såg på dårleg streaming av fjorårets utdeling. Eg hadde ingen tankar om at det eg tok med meg heim kunne skaffe meg ein pris på same utdeling året etter.

Det er moro å bli premiert for ein biletserie som skil seg mykje frå det eg vanlegvis gjer, både i tematikk og form. Det inspirerer meg til å fortsetje og eksperimentere, og utvikle meg sjølv.

Årets bilde var det Katinka Hustad som stakk av med, og i motsetnad til mange gonger før var det ikkje krig og flukt som var tema, men kjærleik. Eit spennande og modig val av juryen! Du kan sjå alle dei premierte her. 

TRENINGSGLEDE

På oppdrag for Friskis&Svettis i Sverige. For ein blid og triveleg gjeng!

UTANFOR LØYPA

Eg er nok litt bortskjemt med at eg ofte kan ferdast i skiløyper og til fjells utan selskap av så altfor mange andre, heime på Jølster. I Oslo kan det bli litt trongare om plassen. Men misforstå meg rett, det er berre positivt at folk kjem seg ut og nyt naturen. Det er likevel noko eige med å gå i urørte løyper heilt åleine. I går tok eg derfor med meg Eik på skitur på blåmerka sti (sommarsti) kor ingen hadde gått før meg. Det var tidvis tungt å brøyte veg, men utruleg fint å gå mellom trea med dyrespor på alle kantar. 

Det var såpass fint då vi tusla over Fagervann at det eine biletet herifrå er lagt i nettbutikken :)

PÅ SKI I KINA

OL i Sør-Korea er i full gong, men Kina har for lengst retta blikket mot OL i 2022. I fjor reiste eg til den komande OL-byen Chongli for å stå på ski, noko du kan lese meir om i A-magasinet.